Reguleringsplan for ny Storelva bru

Brua over Storelva i Utvik vart teken av flaum sommaren 2017. No er utkast til reguleringsplan for ny Storelva bru ute på høyring.

BAILEYBRU: Den mellombelse brua ligg flatt i terrenget. Lausmasser ligg på deponi nær elveløpet. Området er fortsatt tydeleg prega av flaumen i 2017.
BAILEYBRU: Den mellombelse brua ligg flatt i terrenget. Lausmasser ligg på deponi nær elveløpet. Området er fortsatt tydeleg prega av flaumen i 2017.

Denne planen skal sikre nok areal til å bygge ny bru over Storelva og samanhengande fortausløysing. Det skal også leggast til rette for bygging av fortau frå sentrum, over brua og til nærmaste kryss.

Vegbreidda blir 6,5 meter, men brua blir i alt 7,5 meter brei. Det vil bli ei sikker bru, som stettar krava til kapasitet i elva ved ein eventuell framtidig flaum. Brua er dimensjonert for å stå i mot ein 200-årsflaum.
I tillegg kjem fortausløysinga, der det blir lagt opp til 2, 5 meter på austsida langs vegen.

Ein reguleringsplan er først og fremst ein arealplan, som har som mål å skaffe nok areal til ei løysing som går an å byggje. Den tek ikkje stilling til finansiering eller gjennomføring av utbygginga.

Fv. 60 Storelva bru i Utvik

  • Brua vart øydelagd under flaumen sommaren 2017.
  • Sidan då har trafikken gått over ei mellombels bru, ei baileybru.
  • I september 2018 vart det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for fv.60 Storelva bru.
  • Reguleringsplan er no ute på høyring. Frist for å sende inn merknader er 19. juli 2021.