Stogg i vegarbeidet i Svelgen

Bygginga av ny gang- og sykkelveg mellom Breivika og Svelgen vert stogga på ubestemt tid, frå og med fredag 20. mars.

Entreprenør Contexo har arbeidarar frå ulike delar av landet, og dei har permittert heile arbeidsstyrken sin.

– Dette er vanskelege og uvisse tider for oss alle. Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi veit kor tid vi igjen kan starte oppatt arbeidet i Svelgen, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Vestland fylkeskommune.

– Entreprenørbransjen jobbar fortløpande med å finne løysingar, og situasjonen kan endre seg frå ein dag til neste.

Lysreguleringa som har vore på ei strekning ved Breivika vert fjerna så lenge anleggsdrifta er stogga, men gåande og syklande skal framleis gå på motsett side av vegen.

– Vi oppmodar alle om å følgje skiltinga. Sjølv om det ikkje er drift, er det framleis eit anleggsområde, seier Huseklepp.

Kontaktperson i Vestland fylkeskommune:
Jon Harald Huseklepp
Prosjektleiar
Mobil: 97 51 74 77

Publisert 18. mars 2020