Skal vedlikehalde bru på Værlandet – vegen vert stengd i periodar på dagtid

Vedlikehaldsarbeidet på Ytre Melværsundbrua var varsla med nattestengingar, men må no utførast på dagtid. Arbeidet startar tysdag 27. september.

Arbeidet skulle opphavleg utførast på natt, men det let seg ikkje gjere. No blir det stengingar på dagtid i staden, frå måndag til torsdag, fram til 21. oktober. Fredagar, laurdagar og søndagar blir det fri ferdsel.

Stengetider måndag t.o.m. torsdag:

Kl. 08.35 – 10.15

Kl. 11.00 – 12.25

Kl. 13.10 – 16.10 

Kl. 16.50 – 19.50

 

 

opning for buss kl.14.30,14.55,15.30 og 16.00

Vegen kan opnast for utrykkingskøyretøy.

BRUARBEID: Vestland fylkeskommune skal utføre vedlikehaldsarbeid på Ytre Melværsundbrua på Værlandet.
BRUARBEID: Vestland fylkeskommune skal utføre vedlikehaldsarbeid på Ytre Melværsundbrua på Værlandet.