Ferjekaia på Ortnevik stengd for biltrafikk i månadsskiftet mai/juni

Ferjelemmen på Ortnevik skal skiftast ut, og frå tysdag 25. mai til 4. juni vert kaia stengd for biltrafikk.

Stenginga tek til 25. mai kl.13.30, og vert avslutta 4. juni kl.12.00. Ferja vil i denne perioden nyttast til passasjertransport til og frå Ortnevik etter normale ferjeruter.

Tilrådd omkøyring for kryssing av Sognefjorden er via ferjesambandet E39 Oppedal-Lavik.

Buss og båt

Buss 241 mellom Bjordal - Høyanger køyrer ordinær rute til/frå Ortnevik kai. Det vert sett opp skyss frå Nordeide kai til Høyanger om morgonen, og retur på ettermiddag frå Høyanger kai kl. 12.30. Båten går frå Nordeide kl. 12.45.