Stengingar på fylkesveg i Heggjabygda

I samband med vedlikehaldsarbeid blir fv. 5744 mellom Fossebakken og Heggjabygda stengd i periodar. Arbeidet startar måndag 7. juni, og varer fram til 17. juni.

Det skal førebuast legging av nytt dekke på strekninga, og fem stikkrenner skal skiftast ut.

Stengetider måndag – torsdag:

08:30 – 11:30 ( vert tilpassa skulebuss)

12:00 – 14:00

15:00 – 16: 00

17:00 – 19:00