Stengetider mellom Vik og Arnafjorden

Frå tysdag 26. april blir det stengingar på vegen til Arnafjorden. Vegen blir stengd på dagtid, med opning for passering når bussane skal igjennom, og i ein litt lengre periode midt på dagen og på ettermiddag.

Vegen vil ikkje bli stengd før skulebussen har passert på morgonen, rundt klokka 08.00. I løpet av dagen vil det vere to lengre periodar for gjennomkøyring, frå kl. 11.30-12.00 og frå kl. 15.15-15.45. I tillegg vert vegen opna for gjennomkøyring kl. 18.00.

Ut over dette vil det vere passering når rutegåande bussar skal igjennom anleggsområdet, då vert vegen opna for gjennomkøyring frå begge sider.
Du finn ruteoversikt på Kringom.no.

Anleggsarbeidet vil gå frå måndag til torsdag, mellom kl. 08.00 og 19.00. Torsdag vert arbeidet avslutta kl. 15.00, og det blir fri ferdsel gjennom helga.

Prosjektet er i oppstartsfasen, og det kan bli endringar i stengetidene. Følg med på www.175.no for kva stengetider som gjeld til ei kvar tid