Stenger vegen ved Krokevasselva bru – opnar att i juli 2021

Denne hausten startar bygginga av ny bru på fv. 5442 mellom Bjordal og Matre. Vegen vert heilt stengd frå 2. november til 1. juli neste år.

Anleggsarbeidet har starta, men ut oktober er vegen open for gjennomkøyring. Rivinga av gamlebrua tek til måndag 2. november, og frå denne datoen blir vegen heilt stengd for trafikk.

Vinterstengd

Fylkesvegen mellom Bjordal og Matre er vinterstengd kvart år, med bom nord for Krokevasselva og bom ved Hestfossen i retning Bjordal. Eit vanleg år opnar vegen i byrjinga av april, men på grunn av brubygginga vil vegen mellom Bjordal og Matre vere stengd fram til 1. juli i 2021.

Brua over Krokevatnet fekk store sprengingsskader i 2018. Sidan då har trafikken gått på ei mellombels bru i påvente av ei permanent løysing.

– Brua fekk så store skader at den må skiftast ut, og den nye brua vil ligge på tilnærma same stad som gamlebrua. Dei eksisterande landkara blir ståande, og vil bli brukt som støtte for den nye brua, forklarer Trond Gjerland, byggjeleiar i Vestland fylkeskommune.

Entreprenørfirmaet Peab Anlegg har fått oppdraget med å bygge nye Krokevasselva bru, ei kontrakt som har ein verdi på 16 millionar kroner.