Stenger vegen til Arnafjorden i samband med fjellsikring

Onsdag 7. april startar arbeidet med å sikre strekninga på fv. 5600 i Arnafjorden der det rasa i førre veke. Vegen må difor stengast i periodar på dagtid.

Arbeidet går ut på å sikre berg og steinblokker med boltar. Arbeidet vil vare fram til 14. april.

Stengetider:

Kl. 08:30-10:30
Kl. 11:00-14:30
Kl. 14:40-16:00
Kl. 16:15-19:00

Vegen blir nattestengd frå kl. 21:00 – 06:00 i heile perioden.

Fri ferdsel på dagtid laurdag og søndag

Fredag 9. april vert arbeidet avslutta kl.15:00, og startar opp att måndag 12. april.

Publisert 6. april kl. 21:00