Stenger veg i Stordalen – Haugahøl bru skal få eit løft

Den femti år gamle brua på fv. 5442 mellom Matre og Stordalen treng ei oppgradering. Brua blir difor stengd frå måndag 13. juni og dei neste to vekene.

Det er ei omfattande rehabilitering som skal i gang – ny stålkonstruksjon, utskifting av eksisterande brudekke, nytt stålrekkverk og nytt slitelag med asfalt.

Oppgraderingsarbeidet startar måndag 13. juni, og fram til fredag 24. juni vil brua vere heilt stengd for trafikk.

– Haugahøl bru er bygd opp av stålbjelkar med tredekke, og eit asfaltlag oppå. Vi skal no bytte treverket, og nyttar høvet til å bytte ut stålbjelkane før vi legg på nytt trevirke. Det blir ei heilt ny bru, forklarer kontrollingeniør Richard Aase i Vestland fylkeskommune.

Ny metode

Deretter skal brua få nytt asfaltdekke.

– Vi har valt ein relativt ny metode, der vi legg komposittplater mellom treverket og asfalten. Dette beskyttar betre mot fukt, som tidlegare har vore eit problem på liknande konstruksjonar, seier Aase.

Brua får også nytt rekkverk i stål, til erstatning for trerekkverket som er i dag.

– Haugahøl er berre ei av fleire bruer på strekninga som skal få eit løft. Tidlegare i vår vart vi ferdige med oppgraderinga av Tverrlida bru, og i august-september går vi i gang med Kleivhølen bru. I 2023 står Hellebotn- og Langevasselva bru for tur, fortel Aase.