Stenger Drotningsvikvegen i rushtida

Frå 22. april blir det forbode å køyre gjennom Drotningsvikvegen frå kl. 15.00 til kl. 17.00 i kvardagagane. Forbodet gjeld berre for bilistar som køyrer vestover mot Sotra.

Ettermiddagsrushet på den smale fylkesvegen har vore ein belastning i lang tid for bebuarar i området ved Drotningsvik. I 2019 blei Statens vegvesen, politiet, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune invitert på folkemøte der dei fekk høyre kor ille det sto til når trafikken hopar seg opp om ettermiddagen.
På grunn av svært stor trafikk om ettermiddagane er det mange trafikantar som køyrer Godviksvingane og Drotningsvikvegen. Dette opplever bebuarar i området som trafikkfarleg, og at trafikken forringar bumiljøet. Verst er det i Drotningsvikvegen der vegen fleire stader har svært lav standard.

Stort problem

Tor Høyland, som jobbar med trafikksikring i Vestland fylkeskommune, kjenner etter kvart godt til trafikksituasjonen i Drotningsvikvegen.
– Inntrykket mitt etter folkemøtet var at trafikken er blitt eit så stort problem for bebuarane at det går ut over livskvaliteten og at dei er villige til å prøva ut tiltaket sjølv om dei også vil få ulemper med tiltaket, seier Høyland.

Unormal høg trafikk

Registreringar gjort av Statens vegvesen viser at trafikken er unormalt høg i ettermiddagsrushet. Sjølv om det i dag er lovleg å køyra her er trafikkbelastninga på Drotningsvikvegen blitt for stor.
– Vi ynskjer at mest mogeleg at «gjennomgangstrafikken» skal gå på rv. 555 Sotraveien. Reguleringa vil imidlertid føre til ulemper for bebuarane i området fordi forbodet også vil gjelda for dei, men det var likevel ei klar oppfordring på folkemøtet om å forsøke dette tiltaket.

Gjeld frå 22. april

Frå nyttår overtok Vestland fylkeskommune ansvaret. Vedtak er fatta, pengane på plass, og skilt er sett opp.
Frå 22. april gjeld skiltinga om gjennomkøyring forbode. Forbode-skiltet gjeld berre mot vest, altså om du kjem frå retning sentrum og køyrer vestover mot Sotra. Buss og taxi kan framleis bruke vegen.

Nye undersøkingar

Fylkeskommunen veit mykje om trafikksituasjonen i området, frå Storavatnet via Godviksvingane/Drotningsvikvegen og ut igjen i retning mot Sotrabrua/Janavegen. Til hausten blir det nye undersøkingar for å sjå korleis utviklinga har vore.
Hausten 2019 blei det gjennomført ei rekke med førregistrering av trafikktal, kølengder, trafikkfordeling i kryssa til rv. 555 og bruken av kollektivfelta. Hausten 2020 vil fylkeskommunen foreta etterregistreringar. Saman med tilbakemeldingar frå bebuarar og sentrale trafikantaktørar vil det bli bestemt om tiltaka skal vera permanente.

Håpar bebuarane blir nøgd

– Sjølv om vegen er stengd i to timar kvar dag håpar vi at bebuarar i området blir nøgd med tiltaket, seier Høyland, som presiserar at i den fyrste tida vil både politi og vegeigarar vera i området for å informera og rettleia.
– Vi vil også takka initiativtakarane i området for måten dei har lagt fram problemstillingane, og for all konstruktiv hjelp med både informasjonsinnhenting og for organisering av møter og befaring, seier Høyland.