Stenger bru ved Oppheimsvatnet

I samband med bruvedlikehald vert fv. 5404 Vasstrondvegen stengd ved Osa bru dei neste par vekene.

Osa bru ligg heilt i vestenden av Oppheimsvatnet. Omkøyringsvegen blir dermed på sørsida av vatnet, og vidare inn på E16.

Brudekket skal rehabiliterast, fuktisolerast og få ny asfalt. I samband med dette arbeidet vert vegen stengd på dagtid måndag, tysdag og onsdag i neste veke, torsdag vert det ikkje vegstenging om det ikkje er arbeid på plassen.

Den neste veka blir brua heilt stengd måndag, tysdag og onsdag. Torsdag kan det stengingar om noko arbeid står att, men stengingane vert avslutta klokka 15.00.

Folk kan passere brua til fots i heile perioden etter avtale med formann på anlegget, med unntak av desse dagane der det skal utførast spesielle arbeidsprosessar; onsdag 9. november, tysdag 15. november og onsdag 16. november.

Stengetider

Veke 45

Måndag 7. november

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag-søndag

Stengt kl. 07.00-17.30

Stengt kl. 07.00-17.30

Stengt kl. 07.00-17.30

Kan bli stengingar kl. 07.00-15.00

Fri ferdsel

Veke 46

Måndag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag-søndag

Stengt frå kl.07.00

Stengt

Stengt

Kan bli stengingar kl.07.00-15.00

Fri ferdsel