Stengeperioden i Ljoteli vert forlenga

Langstenginga i Ljoteli på fv. 53 Årdal-Tyin som skulle vore avslutta 30. mars, vert forlenga til torsdag 2. april klokka 19:00.

Årsaka til forseinkinga er restriksjonane som vart lagt på innreise i tidlegare Sogn og Fjordane i samband med koronaviruset. Desse restriksjonane skapte utfordringar for anleggsarbeidet, og har forseinka framdrifta i arbeidsperioden.

Det er difor behov for nokre dagar til der vegen er heilt stengt, slik at entreprenør Flage Maskin AS kan gjere ferdig den nedre forskjeringa før tunnelen (i retning Årdal).

Ein dumper og to gravemaskiner i gang med å bygge mur og veg i fjellside med mykje stein.
NEDRE FORSKJERING: Flage Maskin har dei siste vekene sprengt forskjering og førebudd første salve på nedre tunnelpåhogg i den nye Ljotelitunnelen. Til høgre i bildet ser vi eksisterande fv. 53.