Fylkesveg stengd på Osterøy
Mykje regn og vind har ført til ras fleire stader på Vestlandet.
Fleire bygder nord på Osterøy er isolert etter at det gjekk eit ras søndag kveld. Fylkesveg 5406 nord for Kallestad bru er stengd. Klokka 15.00 måndag blir det gjort ein ny vurdering av geolog. Det er sett inn båtskyss.
Faren minkar tysdag
Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) varsla gult farenivå for jordskred i helga, og det gjeld framleis. Tysdag morgon er forventa at faren minkar.
NVE rådar alle om å halde seg unna bratte skråningar, bekker og elveløp med stor vassføring.
På 175.no kan du halde deg oppdatert på trafikksituasjonen.
Publisert 17. februar 2020