Fleire flaskehalsar mellom Oldeide og Kalvåg er snart historie

Vegarbeidet i Bremanger er i rute, og i løpet av desember skal åtte flaskehalsar vere vekke. Dette betyr betre vegstandard både for fiskerinæringa og andre som brukar fylkesvegen.

FJERNAR FLASKEHALSAR: Vestland fylkeskommune er byggherre, og entreprenørfirmaet Mesta utfører arbeidet. Fv. Emma Solibakke, byggeleiar, Kai Jonny Bugjerde, prosjektkoordinator, Jon Harald Huseklepp, projektleiar og Bjørn Fossen, anleggsleiar i Mesta.

Utbetringsarbeidet starta i april i år. I den austlegaste delen av prosjektområdet, i retning Oldeide, ligg Dalsbotnen. Her er fjellstabben Knolderen sprengt vekk, og vegen utvida på litt over 500 meter lang strekke. Der er arbeidet bort i mot ferdig, det same gjeld Klungreset og Pikaneset, der det kun står att oppmerking og rekkverk.

PIKANESET DÅ: Slik såg det ut i juli 2022.
PIKANESET DÅ: Slik såg det ut i juli 2022.
PIKANESET NO: Slik ser det ut ved Pikaneset no.
PIKANESET NO: Slik ser det ut ved Pikaneset no.

Lengst vest, frå krysset til Smørhamn og austover til Nybø, er den lengste vegstrekka som er under utbetring. Her blir vegen breiare, og svingane mindre krappe.

NYBØEN: Lengst vest i prosjektområdet skal om lag 900 meter av fylkesvegen utvidast, og fleire skarpe, uoversiktlege svingar skal rundast av.
NYBØEN: Lengst vest i prosjektområdet skal om lag 900 meter av fylkesvegen utvidast, og fleire skarpe, uoversiktlege svingar skal rundast av.

Ved Eikeset står det att noko arbeid på bygginga av fire nye møteplassar. Ved Uravikja og Fossestranda står det berre att oppmerking og nytt rekkverk. Punkta Løvikneset, Eikeset og Nybø-Smørhamn vert asfaltert i løpet av november.

URAVIKJA: Uravikja var eit av dei mest utfordrande punkta på strekninga. Her er det sprengt vekk mykje fjell.
URAVIKJA: Uravikja var eit av dei mest utfordrande punkta på strekninga. Her er det sprengt vekk mykje fjell.

Sjømat-vegar

Tiltaka er finansiert gjennom fylkeskommunale midlar og tilskot frå den statlege ordninga «Fylkesvegar som er viktige for sjømatnæringa», der Vestland fylkeskommune fekk 54 millionar kroner.

Dette er midlar som skal gå til viktige vegar for næringslivet, for å fjerne flaskehalsar og betre tryggleik og framkome for sjømatnæringa og anna tungbiltransport. Av desse fekk vegen mellom Kalvåg og Oldeide 8 millionar, i tillegg til 12 millionar i eigendel frå fylkeskommunen.