Startar reinskearbeidet på måndag – vegen til Bruvik stengd i minst ein månad

Stein og jordmasser øydela eit stykke av fv. 5418 til Bruvik på Osterøy i går kveld. Måndag skal eit taulag inn i området for å starte reinskinga av fjellsida der steinane losna.

KAPPA TVERT: Det store grantreet som ligg delvis over vegen, er kappa tvert av, noko som vitnar om høg fart og kraft frå steinblokka.
KAPPA TVERT: Det store grantreet som ligg delvis over vegen, er kappa tvert av, noko som vitnar om høg fart og kraft frå steinblokka.

Når dette reinskearbeidet er ferdig kan arbeidet med å bygge opp att vegen starte.

– Heile vegbreidda forsvann i skredet, så det er ikkje plass til å passere. Vegen må byggast opp att frå grunnen, og dette vil ta minst fire veker, seier Mariann Kråkenes, leiar for drift sør i Vestland fylkeskommune.

Trafikken går no på ein privat veg, og kommunen og fylkeskommunen jobbar med å få på plass beredskap og framkomst for innbyggjarane i Bruvik dei neste vekene.

Store krefter i sving

Mari Åmellom Brøto, geolog i Vestland fylkeskommune, har vore på staden i dag. Steinblokka losna om lag 200 meter oppe i ein steil bergvegg, og det er liten tvil om at store krefter har vore i sving, seier ho.

STEIL BERGVEGG: Steinblokka har losna i frå om lag 200 meter oppe i bergveggen.
STEIL BERGVEGG: Steinblokka har losna i frå om lag 200 meter oppe i bergveggen.

– Skredet har tatt med seg mykje vegetasjon, jord og steinblokker på veg ned mot vegbana. Skredet har hatt stor kraft og har pløyd seg godt ned i terrenget.

Der ligg det igjen to-tre større steinblokker som må sjekkast nøyare, og eventuelt spettast ned, samt nokon mindre steinblokker og tre, som må fjernast før vi kan starte med vegarbeidet, seier geologen. Det er dette arbeidet som startar på måndag. Etter dette kan ein gå i gang med oppattbygging av vegen.

Geologen åtvarar mot å gå for tett på området der vegen har rasa ut.

– Det er ikkje mogleg å passere til fots, for krateret er ustabilt.