Startar arbeid i Svelgen att

Karantenetiltaket i gamle Sogn og Fjordane er oppheva.

Tidlegare i veka varsla vi at bygginga av ny gang- og sykkelveg mellom Breivika og Svelgen var stogga på ubestemt tid.

Når karantenetiltaket til kommunane i Sogn og Fjordane no er oppheva, vil vegarbeidet i Svelgen starte opp att frå måndag morgon kl. 09:00.


Kontaktperson i Vestland fylkeskommune:
Jon Harald Huseklepp
Prosjektleiar
tlf.: 97 51 74 77