Sognefjellsvegen opnar på fredag

Fylkesveg 55 over Sognefjellet har vore vinterstengd, men vert opna fredag 29. april kl. 08:00.

Vegen vert nattestengd den første tida, mellom klokka 20:00 på kvelden og 08:00 på morgonen.

– Det ligg framleis litt is i enkelte svingar. Dei som skal over fjellet må difor ta omsyn til dette, seier Rune Sverre Sande, leiar for drift nord.

Veg på fjell med høge brøytekantar.
OPE FRÅ FREDAG: Fv. 55 over Sognefjellet opnar 29. april. (Foto: Terje Weka)