No kan du igjen få meldingar om stengd veg på mobilen din

SMS-varslinga for vegen til Veitastrond er no i drift igjen, men du må aktivere tenesta på nytt.

I samband med overføringa av vegadministrasjonen til fylkeskommunen i fjor, forsvann tenesta med SMS-varsling om stengd veg grunna skred eller fare for skred på fylkesveg 5641 mellom Hafslo og Veitastrond.

Varslingstenesta er no oppretta på nytt, men alle som vil motta meldingar må aktivere den på nytt:

Send HAFSLO til 2252 for å starte abonnementet
Send HAFSLO STOPP til 2252 for å stoppe abonnementet
Send STATUS HAFSLO til 2252 for ei statusoppdatering akkurat no

Tenesta er gratis for brukarane.

SMS-varsling Veitastrond.jpg