No kan du igjen få meldingar om stengd veg på mobilen din

SMS-varslinga for Oldedalen, Lodalen, Flo, Navelsaker og Erdal er no i drift igjen.

I samband med overføringa av vegadministrasjonen til fylkeskommunen i fjor, forsvann tenesta med SMS-varsling om stengd veg grunna skred eller fare for skred til ei rekke bygder i Nordfjord.

Varslingstenesta er no oppretta på nytt, men alle som vil motta meldingar må aktivere den på nytt.

Du sender ein SMS til nummer 2252, og skriv inn eit av desse kodeorda:

Kodeord
Strekning

SUNDE

Fv. 5722 Sunde-Flo

LOEN

Fv. 5723 Loen-Kjenndal

OLDEN

Fv. 5724 Olden - Briksdal

FOSSEBAKKEN

Fv. 5744 Fossebakken - Navelsaker

HJELLE

Fv. 5720 Hjelle - Erdal

 

Send KODEORD til 2252 for å starte abonnementet
Send KODEORD STOPP til 2252 for å stoppe abonnementet
Send STATUS KODEORD til 2252 for ei statusoppdatering akkurat no

Tenesta er gratis for brukarane.