Stenger fylkesveg i Årdal i samband med skredsikring
Fjellskjeringa over Årøyni ved Naddvik i Årdal skal sikrast mot steinsprang, og det blir stengingar på inntil ein time i løpet av dagen.

Stengingane tek til i slutten av denne veka, og vil halde fram utover hausten. Arbeidstida er måndag til og med laurdag frå kl. 07:00 på morgonen, til 19:00 på kvelden.
– I takt med framdrifta i arbeidet kan det også bli endringar i stengetidene. Vi oppmodar alle som skal køyre denne strekninga om å sjekke 175.no for oppdatert informasjon, seier byggjeleiar Silje Storevik Moe i Vestland fylkeskommune.
Øyni bru
Seinare i haust startar også skredsikringarbeid langs ein anna fylkesveg i Årdal, fv. 5631 ved Øyni bru. Også her skal fjellsida reinskast, boltast og det skal setjast opp fanggjerde.
Entreprenørfirmaet som har fått i oppdrag å utføre skredsikringsprosjekta i Årdal er Ainfra AS.