Tunnelstenging på fv. 609 i Askvoll

Skorvetunnelen treng vedlikehald, og fv. 609 mellom Askvoll og Førde blir stengd på kveld og natt dei neste vekene. Arbeidet startar måndag 29. november.

Tunnelen blir stengd mellom kl. 19.00 og 05.30, med opning for gjennomkøyring kl. 21.00, 23.00 og 02.00.

Utrykkingskøyretøy og bussar i rute skal sleppe igjennom tunnelen.

Tryggare og fri for is

Skorvetunnelen har lenge vore plaga av vatn inne i tunnelen, som renn langs tunnelveggane og frys til is i grøfta og inn i vegbana. No skal tunnelen få ny vass- og frostsikring, slik at problema med issvullar blir vekke. Arbeidet vil vare ut februar 2022.