Skal sikre 900 meter rasutsett veg i Vik

Fire skredpunkt på fylkesvegen til Arnafjorden skal sikrast med fanggjerde. Arbeidet startar etter påske.

Strekninga mellom Vik og Arnafjorden er utsett for steinsprang. I alt skal det opp omlag 900 meter fanggjerde nord og sør for Eitreneset, og desse skal hindre stein, lausmassar og snø i å nå vegbana.

EITRENESET: Ei strekning på om lag 900 meter skal sikrast med fanggjerde.
EITRENESET: Ei strekning på om lag 900 meter skal sikrast med fanggjerde.

Lange stengingar

Sidan området er rasutsett, må entreprenør inspisere området og reinske og sikre det som er naudsynt for at det skal vere trygge arbeidstilhøve for mannskapet.

– Det kan ikkje vere trafikk på vegen når fjellsida skal inspiserast og reinskast, og når gjerda skal opp så må maskinene stå i vegen. Difor må vi stenge vegen i periodar, seier byggeleiar Silje Storevik Moe.

Etter påske blir det to-timars stengingar, men frå mai til oktober kan vegen bli stengd i periodar på tre til fire timar. Stengetidene vil bli tilpassa rutegåande transport.

– Vi forstår at dette er til ulempe, men vi får ikkje gjort arbeidet med vegen open. Lange stengingar er også meir effektivt, og kortar ned på anleggstida, seier Storevik Moe.

Oppstart etter påske

Rett etter påske skal byggherre Vestland fylkeskommune ha oppstartsmøte med entreprenør Mesta AS, og det blir sannsynlegvis ei synfaring med helikopter i fjellområdet.

Ganske raskt etter denne fasen startar det første inspeksjons- og sikringsarbeidet. Vegetasjon må ryddast, før det er klart for boring og etablering av forankringar til fanggjerda. Etter dette skal stolpane installerast, og stolpane og nettet monterast. Til slutt skal fjellskjeringane som er tettast på vegen, reinskast og sikrast.

Vi kjem tilbake med meir informasjon om stengetider og framdrift.