Fylkeskommunen skal fjerne flaskehalsar på Bremangerlandet

Fleire punkt på fylkesveg 616 mellom Oldeide og den populære destinasjonen Kalvåg skal utbetrast i løpet av 2022.

Til saman skal åtte punkt på vegen enten utvidast, eller få nye møteplassar.

FV.616: Punkta på strekninga som skal utbetrast.
FV.616: Punkta på strekninga som skal utbetrast.

Kombinasjon av statlege og fylkeskommunale midlar

Midlane til tiltaka kom gjennom fylkeskommunale midlar og tilskot frå den statlege ordninga «Fylkesvegar som er viktige for sjømatnæringa», der Vestland fylkeskommune fekk 54 millionar kroner.

Dette er midlar som skal gå til viktige vegar for sjømatnæringa, for å fjerne flaskehalsar og betre tryggleik og framkome for sjømatnæringa og anna tungbiltransport. Av desse fekk vegen mellom Kalvåg og Oldeide 8 millionar, i tillegg til 12 millionar i eigendel frå fylkeskommunen.

– Utfordringa blir å gjennomføre tiltaka utan for mykje ventetid for lokaltrafikken og dei som vitjar Bremanger. Men vegen er smal, og mange stader må vi sprenge for å gje plass. Det vil krevje stengingar, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Vestland fylkeskommune.

Fv. 616 er det einaste vegsambandet utover Bremangerlandet til øya Frøya, som ligg ytst i havgapet. Der ligg turiststaden Kalvåg. Til Oldeide går det ferje frå Måløy. Du kan også komme til Bremanger frå sør, via Svelgen, og frå aust via ferjesambandet Stårheim-Isane.

Stengingar etter påske

UTVIDING: Denne flaskehalsen på fv. 616 forbi Dalsbotnen skal fjernast. (Dronefoto: Tore Hallingstad/Vestland fylkeskommune)
UTVIDING: Denne flaskehalsen på fv. 616 forbi Dalsbotnen skal fjernast. (Dronefoto: Tore Hallingstad/Vestland fylkeskommune)

Arbeidet vil starte i Dalsbotnen, lengst aust i prosjektet, og i Uravikja. I Dalsbotnen skal vegen breiddeutvidast, ved å sprenge noko av fjellstabben Knolderen og utvide vegen på litt over 500 meter. Litt lenger vest, i Uravikja, blir det også mykje sprenging. Dette er i dag eit av dei mest uoversiktlege punkta på strekninga.

Før påske blir det mest skoging og opprigging av utstyr, men rett etter påske startar arbeidet som vil kreve stengingar på inntil to timar.

– Målet er å bli ferdige med desse punkta før sommartrafikken aukar på, seier Huseklepp.

Arbeidet på heile strekninga mellom Oldeide og Kalvåg skal vere ferdig innan desember 2022. Mesta AS skal utføre arbeidet for Vestland fylkeskommune.