Skal bruke søkshund for å finne eksplosiv

Ein heilt ny avtale for sitt slag er no signert i Vestland fylkeskommune.

– No har vi endeleg fått på plass ein rammeavtale med innleige av hund til søk etter gjenståande sprengstoff.

Det betyr at vi kjem til å leige inn Eksplosivhund.no AS aktivt på våre vegprosjekt i Vestland, seier Inge Haustveit som er koordinator for arbeidet på avdeling for infrastruktur og veg.

Han fortel at  det er første gongen at ein offentleg byggherre i Norge har inngått ein rammeavtale for denne type teneste.

Eit godt HMS-tiltak
– Vi vil bruke søkshundar der det er gjort ein risikovurdering og avdekka fare for gjenståande sprengstoff på eit anleggsområde. Søkehundar har vi brukt mest i samband med oppgradering av tunnelar, men alle type anlegg er aktuelle. Dette er eit godt HMS tiltak for å unngå alvorlege ulukker på arbeidsplassen, seier han.

Ein rettleiar
Innhaldet i avtalen er utforma med bakgrunn i eit omfattande samarbeid med høg kompetanse og erfaring frå Statens vegvesen og Forsvaret før 2019. I dette samarbeidet blei det utarbeidd ein «Rettleiar for bruk av eksplosivsøkshund».

– Fleire aktørar er no komne på banen for å levere denne tenesta. For oss som er byggherre er det særs viktig at dei kan levere tenesta i tråd med denne rettleiaren, seier Haustveit.

I konkurransen var det tre verksemder som deltok i konkurransen. Eksplosivhund.no AS leverte det beste tilbodet. Avtalen har ei lengd på to år samt eitt år opsjon.

Kontraktsignering. fv. Vegar Falsten, dagleg leiar for Ekplosivhund.no, og Kathrine Løno Lahlum, leiar for Utbygging Sør i Vestland fylkeskommune.
Kontraktsignering. fv. Vegar Falsten, dagleg leiar for Ekplosivhund.no, og Kathrine Løno Lahlum, leiar for Utbygging Sør i Vestland fylkeskommune.