Snevrar inn bru i Masfjorden
Risnes bru på fv. 570 vert frå helga av snevra inn på kvar side. Det betyr at det ikkje vert plass til møtande trafikk over brua.

Brua ligg mellom Straumsvika og Risnes, vest i Masfjorden. Bruforvaltarane i Vestland fylkeskommune har halde eit auge med denne brua lenge, og har vurdert ulike måtar å sikre brua fram til den vert forsterka eller skifta ut med ei ny bru. Stenginga av E39 ved Litle-Urdalstunnelen har pressa fram tiltak.
- Når E39 skal stengast ved Litle-Urdalstunnelen vil fv. 570 bli omkøyringsveg, og trafikken vil auke monaleg. Vi såg difor at det vart nødvendig å snevre inn køyrefelta på brua allereie komande helg, seier Jorunn Hillestad Sekse, leiar for Vedlikehald nord i Vestland fylkeskommune. Det er dei som har ansvar for bru- og kaivedlikehald i fylket.
Risnes bru er ei betongbru bygd i 1967, og har lastbegrensingar som gjer at tunge køyretøy må passere med ein viss avstand. Dette vil bli skilta på begge sider av brua. Det er god sikt på strekninga, og vanleg persontrafikk må følgje med om det kjem møtande trafikk.
Innsnevringa vil vere permanent til det vert gjort meir omfattande tiltak på brua.
Publisert 16. juni 2021