Redusert tunneldrift i Stryn

Fylkesvegprosjekta på Flo og Blakset held hjula i gang, men er sjølvsagt prega av situasjonen landet står oppe i knytt til koronaviruset.

Firmaet Hæhre, som byggjer Flo- og Blaksettunnelen, har som mange andre entreprenørar tilsette som er busett andre stader i landet enn der vegprosjektet er, i tillegg til arbeidarar som har lokal tilknyting.

Restriksjonane på innreise som vart innført i tidlegare Sogn og Fjordane, og også mellom kommunane i regionen, har gjort det vanskeleg å halde anleggsdrifta oppe.

Overheld krav om smittevern

Kommunane kan gje dispensasjon frå desse reglane for arbeid som kan reknast som samfunnsmessig viktig verksemd. Dette har kommunelegen gjort for tunnelprosjekta i Stryn, men dei har fått dispensasjonen under føresetnad av at entreprenørfirmaet følgjer strenge retningslinjer for å hindre smitte av sjukdommen covid-19 blant sine tilsette, og i lokalsamfunnet.

– Vi står oppe i ein spesiell bemanningssituasjon, der vi prøver å drive som normalt så langt det let seg gjere, men det er ikkje mogleg å halde full drift. Vi må fylgje arbeidstidsreglane, og hugse på at dei tilsette også er privatpersonar, som har forpliktingar for sine familiar og nære. Denne situasjonen påverkar oss alle, seier Øystein Tytingvåg, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Tunnelrigg med lys i mørk tunnel
TUNNELARBEID I KORONATID: Anleggsdrifta på Flo og Blakset er redusert, men har ikkje stogga opp.

Pause i langstengingane på Panoramavegen

Per no er det drift på alle delar av prosjektet, men noko redusert aktivitet over alt.

Fv. 5742 Panoramavegen har dei siste månadane vore stengt i lange periodar på dagtid i samband med tunneldrifta ved Blakset, men desse stengingane vart avslutta tidlegare denne veka.

– Når det igjen vert innført faste stengingar av vegen veit vi ikkje. Situasjonen kan endre seg frå dag til dag, alt etter som karantenereglane blir stramma inn eller mjukna opp frå sentralt hald, seier Tytingvåg.

Kontaktperson i Vestland fylkeskommune:

Øystein Tytingvåg
Prosjektleiar Nordfjord
Mobil: 977 25 821

anleggsmaskiner på gruslagt område i Vestlandsnatur
VINTER PÅ ANLEGGET: Anleggsmaskiner på riggområdet ved tunnelen på Flo.


Publisert 20. mars 2020