Redusert seglingshøgd grunna bruvedlikehald på Værlandet og Bulandet

Alle båtar må vere obs på at det i periodar kan bli redusert seglingshøgd grunna vedlikehaldsarbeid på tre bruer på Værlandet og Bulandet.

Dei tre bruene det gjeld er Olsundbrua, Ytre Melværsundbrua og Indre Melværsundbrua.

BRUER PÅ VÆRLANDET: Det er desse tre bruene som skal vedlikehaldast. F.v. Olsundbrua, Ytre Melværsundbrua og Indre Melværsundbrua.
BRUER PÅ VÆRLANDET: Det er desse tre bruene som skal vedlikehaldast. F.v. Olsundbrua, Ytre Melværsundbrua og Indre Melværsundbrua.

Seglingshøgda blir påverka av utstyret som trengst for å utføre arbeid på bruene.

På Olsundbru blir det sett opp stillas over heile brulengda, noko som vil tilsvare ein reduksjon i seglingshøgda på mellom 2,5-3 meter.

Arbeidet som påverkar seglingshøgda skal vere ferdig innan 11. juli, men arbeidet på Olsundbrua held fram ut august.

På Ytre og Indre Melværsund vert arbeidet frå stillas ferdig 23. mai. Her er stillaset bygd opp frå land, og har ingen betydning for seglingsleia. På Ytre og Indre Melværsund skal det jobbast frå ein bruliftbil, så her kan båttrafikken gå som vanleg.