Ønskjer innspel på rammeplan for avkøyrsler og dispensasjonar frå byggegrenser

Ei ny rammeplan som gjeld fylkesvegnettet i Vestland fylke er sendt på høyring til alle kommunar i Vestland, Statens vegvesen og Fylkesmannen i Vestland.

Planen seier noko om korleis fylkeskommunen vil handtere søknader og planar som omfattar avkøyrsler og andre tiltak langs vegen.

– Det er ein klår samanheng mellom trafikktryggleik og vegen sin funksjon, sett i høve til talet på kryss, avkøyrsler og tiltak nær vegen. Langs strekningar med mange avkøyrsler, vil det vere større aktivitet med køyrande inn på og ut av vegen. Dette fører ofte til at ein må redusere fartsgrensa for å ta i vare trafikktryggleiken, noko som i sin tur går ut over vegen sin funksjon som transportåre, seier Bente Øyre, senioringeniør i Vestland fylkeskommune.

Rammeplanen er ei rettleiing for sakshandsaming av avkøyrsle- og byggesaker. Den skal også gjelde ved uttaler til kommune- og reguleringsplanar.

Høyringsdokumentet finn du til høgre på sida. 
Høyringsfrist er sett til 20. desember.