På veg mot ein trafikksikker kommune

Nyleg signerte Solund kommune ein intensjonsavtale om å vere ein trafikksikker kommune.

Trafikksikker Kommune uten hvit bakgrunn.jpg

Gjennom avtalen har kommunen forplikta seg til å gjennomføre tiltak som gjer det trygt å vere trafikant i kommunen. Målet er færre drepne og skadde i trafikken.

– Vi håpar at fleire kommunar ønskjer å bli med i dette samarbeidet med Vestland fylkeskommune og Trygg Trafikk. Det er rom for fleire å delta, og eit godt trafikksikringsarbeid gjev kommunen bra omdøme, trygt lokalmiljø, færre skadar og nøgde innbyggjarar. Ta kontakt om de ønskjer meir informasjon og ei orientering for kommunestyret, formannskapet eller rådmannen si leiargruppe, seier Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar i Trygg trafikk Vestland.

Kommunane er ein viktig aktør i trafikktryggleiksarbeidet fordi dei er vegeigar, barnehage- og skuleeigar, arbeidsgivar, kjøpar av transporttenester og ansvarleg for helsa og trivselen til innbyggjarane.

KORN.jpg
TRYGG: Knut Olav Røsseland Nestås ønskjer at fleire kommunar jobbar for å bli meir trafikksikker.

Kva er Trafikksikker kommune?

Trafikksikker kommune er ei godkjenningsordning og ei felles satsing for trafikktryggingsutvalet (FTU) i Vestland fylkeskommune og Trygg Trafikk.
Jannicke Bergesen Clarke, leiar for både FTU og hovudutvalet for samferdsel og mobilitet, meiner arbeidet med trafikksikring i kommunane er eit viktig satsingsområde.
Fylkeskommunen gir, gjennom FTU, midlar til Trygg Trafikk for å ivareta dette arbeidet.
– Arbeidsfordelinga er slik at Trygg Trafikk står for det meste av den praktiske gjennomføringa frå vår side, men sjølvsagt er det kommunane som gjer mesteparten av arbeidet totalt sett. Trygg Trafikk er ein viktig samarbeidspartnar for fylkeskommunen, og er tett på kommunane i denne prosessen, seier Bergesen Clarke.

Sånn går du fram

For å bli ein trafikksikker kommune inngår kommunen ein intensjonsavtale, som markerer oppstart av arbeidet for å bli godkjend. For å bli godkjend må kommunen oppfylle ulike kriterium som involverer skule, barnehage, helseteneste, kommuneleiing og andre.

Kriteria kan du lese meir om her.

Trafikksikre kommunar

Eit mål i Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerheit på veg 2018-2021 er at 125 kommunar skal vere godkjende som Trafikksikker kommune innan 1. janar 2022. Ei godkjenning varar i tre år, og kan bli fornya etter ei eigen prosess.

– Trygg trafikk og Vestland fylkeskommune er i dialog med fleire kommunar om å bli med i Trafikksikker kommune-arbeidet vårt og forhåpentlegvis får vi signert fleire avtaler i løpet av hausten, seier Even Vaular, rådgjevar på Infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Kommunar i Vestland godkjente som Trafikksikker kommune:
Gloppen, Eid, Høyanger, Årdal, Bømlo, Vaksdal, Kvinnherad

Lindås, Sund og Eid hadde fram til kommunesamanslåingane 1. januar 2020 godkjenning. Dei inngår no i høvesvis Alver, Øygarden og Stad kommunar, som må opparbeida seg ny godkjenning.

Kommunar som er i sin andre periode som Trafikksikker kommune: Vaksdal (2019-2021), Bømlo (2020-2022), Årdal (2020-2022).

I prosess: Kvam (godkjenning er målet i 2020). Solund kommune (rekruttert 2020).