Startar opp att arbeidet i Åstranda i Hyen
Etter ei pause gjennom vinteren, startar skredsikringsprosjektet på fylkesveg 5730 i Åstranda opp att tysdag 2. juni.
Det var i samband med ekstra grunnundersøkingar i eit område der det skulle plasserast overskotsmassar, at det i oktober i fjor vart oppdaga kvikkleire i grunnen.

Arbeidet vart stogga i påvente av fleire undersøkingar, og anlegget vart seinare stengt ned for vinteren.
I løpet av desse månadane har det blitt utført ytterlegare grunnundersøkingar. Geoteknikarar hjå Avdeling for veg og infrastruktur i Vestland fylkeskommune har greia ut stabiliteten for skredvollane i prosjektet. Det er i samband med arbeida definert ei kvikkleiresone ved Åstranda, og denne meldast inn til NVE som har dei nasjonale oppgåvene knytt til skredførebygging.
Utfordringa med kvikkleire er løyst ved å endre utforminga av rasvollane.
- Vollane vil bli justert noko, og trekt lengre opp i terrenget. Der er grunntilhøva betre, og det blir mindre trykk på grunnen. Terrenget framom rasvollen vil bli avlasta ved å fjerne masse, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.
Omprosjekteringa har vore til uavhengig kontroll hjå Norges Geotekniske Institutt(NGI). Det vil bli sett ut rystelsesmålarar ved sprenging, men det fremste tiltaket for å unngå kvikkleire er i all hovudsak å flytte skredvollane.
- Denne endringa i utforminga av skredvollane forverrar ikkje stabiliteten i området, men vil gjere fylkesvegen mykje tryggare frå snøras, seier Huseklepp.