Ombygging av ferjekaiene i Jondal og Tørvikbygd

I januar kom det ei ny større elektrisk ferje som trafikkerer mellom Tørvikbygd og Jondal.

Dagens ferjekaier er for smale og må byggast om for å handtere ei større og breiare ferje. For å gjennomføre arbeidet blir det naudsynt å stenge ferjekaiene i to periodar.

To stengeperiodar

I første periode frå 9. -14. mars skjer arbeidet med å førebu sjølve ombygginga. Andre periode vil vere i slutten av mai. Det vil bli nattarbeid i periodane.

Omkøyring

Alternativ omkøyring med bil er via ferjesambandet Gjermundshamn – Årsnes.

Alternativ transport

Ombygginga vil få konsekvensar for trafikantar, og Skyss vil setje inn alternativ båttransport og korresponderande bussar for dei reisande.

Sjå meir informasjon på skyss.no.

Eit avgrensa tal på parkeringsplassar vil vere tilgjengeleg ved/på ferjekaiene i Jondal og Tørvikbygd.­

Stengt veg i periodar

Det byggjast gong- og sykkelveg på strekninga  fv. 49 Oddland-Lidarende mellom Norheimsund og Tørvikbygd. Grunna sprengingsarbeid vil vegen blir stengt i periodane:

Frå 16. mars - 3. april, måndag-fredag kl. 11.00-12.30 og kl. 17.00-17.30

­­Frå 6. april - 15. juni kan vegen bli stengt frå måndag-fredag kl. 11.00-11.30 og frå kl. 17.00-17.30.

Omkøyring via Samnanger fv. 7 og Eikelandsosen fv. 48.

Sjå vegmeldingar på 175.no.

Publisert 3. mars 2020