Oldedalsvegen stengd natt til torsdag

Fv. 5724 til Oldedalen vert stengd ved Strand frå klokka 20.00 onsdag 9. desember, til klokka 06.00 neste morgon.

Årsaka til stenginga er utskifting av ei stikkrenne, ein del av etterarbeidet etter raset som gjekk tidlegare i haust.