Nye stengetider i Gjerdviktunnelen

Opprustinga av Gjerdviktunnelen på fv. 5660 på Atløy går no over i ei ny fase, og dette vil føre til lengre stengeperiodar fram til påske.

Arbeidet starta opp i februar, og til no har det stort sett vore utført bolting og reinsk av tunnelhenget.

Entreprenør Mesta skal no gå over til vassikring, der store plater skal festast i tunnelveggen. Medan dette arbeidet pågår er det vanskeleg å sleppe trafikken forbi, og arbeidarane treng lengre periodar der dei får jobbe utan avbrot.

Arbeidet i Gjerdviktunnelen går frå måndag til torsdag, frå kl. 07:00-19:00. Torsdag avsluttar entreprenør arbeidet klokka 11:00.

Nye stengetider Gjerdviktunnelen:

Vegen stengt:

Ekstra opningar:

 

 

07:00 - 08:20

07:15 nord

07:40 sør

08:00 nord

(sør i opning)

08:30 - 11:30

 

 

 

 

12:00 - 14:15

14:17 nord

14:30 sør

 

 

15:25 - 16:25

 

 

 

 

17:00 - 19:00