Nye stengetider i Framfjordtunnelen
Frå måndag 23. november blir det endringar i stengetidene i Framfjordtunnelen. Tunnelen blir stengd på kveld og natt heile veka, mellom kl. 19:00 og 06:00.
I byrjinga av oktober starta arbeidet med å tette vasslekkasjar i Framfjordtunnelen i Vik. No vert arbeidstidene utvida til heile veka, frå kl. 19:00 - 06:00.
Opningstider:
kl. 20:30 - 20:40
kl. 22.30 - 22:40
kl. 24:00 - 00:10
Det blir ei ekstra opning etter midnatt, ca. kl. 03:00.
Publisert 19. november 2020