Ny veg forbi Holsbrutunnelen

600 meter ny veg på fv. 53 Årdal-Tyin vart opna for trafikk 6. juli som ein del av Ljoteli-prosjektet, og den gamle Holsbrutunnelen kunne stengast.

holsbru, vegopning, ny veg, skredsikringsprosjekt, Ljoteli,
Ei ny vegstrekning på 600 meter utanfor gamle Holsbru tunnel vart opna mandag 6. juli av anleggsleiar Egil Ørnes (t.v.) og formann Geir Helland (t.h.) hjå entreprenør Flage maskin.

Det blir bygd ny tunnel og ein del ny veg på den særs ras- og skredutsette strekninga forbi Ljoteli i Årdal kommune. Fylkesvegprosjektet er eit skredsikringsprosjekt, og skal vere ferdig hausten 2021.

Gevinst i større prosjekt

Vegstrekninga som opna 6. juli ligg i ei bratt fjellside, og er bygd på deponimassar frå tunnelsprenginga og gamle massar frå tidlegare kraftutbygging.
Med god planlegging er om lag 230 000 kubikkmeter lausmasse flytta sidan januar, 70 000 er brukt til vegfyllinga ved Holsbru.

Ljoteli, Holsbru, deponi, lausmasse, Årdal.
Det er nytta 70 000 kubikkmeter lausmasse til den nye vegen forbi Holsbru. Dette er ein del av deponiet til Ljoteli-prosjektet. T.v. prosjektleiar Jørn Fosen Simonsen og byggeleiar Geir Magne Tyssebotn i Vestland fylkeskommune.

– Vi er veldig glade for å kunne realisere fylkesvegbiten på Holsbru som ein del av skredsikringsprosjektet, seier prosjektleiar i Vestland fylkeskommune, Jørn Fosen Simonsen.

– På denne måten kunne vi gjere det meir effektivt enn om det hadde vore eit frittståande prosjekt, og til ein tredjedel av prisen.

Dei første bilane kunne køyre den nye vegstubben tre månadar før planen, og Holsbrutunnelen på 96 meter vart samstundes stengt for trafikk.

– Det har kosta mykje å halde Holsbru-tunnelen open på vinterstid. No blir den fylt att, seier Simonsen. 

Ljoteli, Ljotelitunnelen, Jørn Fosen Simonsen, Geir Magne Tyssebotn
Prosjektleiar Jørn Fosen Simonsen og byggeleiar Geir Magne Tyssebotn i Vestland fylkeskommune er godt nøgde med framdrifta på skredsikringsprosjektet i Ljoteli.

Gjennomslag i tunnelen

Laurdag 4. juli var det og gjennomslag i Ljotelitunnelen litt lenger nede i fjellsida, og med vegopning og det meste av sprengingsarbeidet gjort kan byggherre Vestland fylkeskommune og entreprenør ta fortent sommarferie.

Ljoteli, tunnel, Ljotelitunnelen
Gjennomslagssalva i Ljotelitunnelen gjekk 4. juni 2020.

– Dette er eit spesielt vegprosjekt sidan det er så bratt terreng med opptil 40 prosent helning, vi får ikkje noko gratis frå naturen si side her, seier Egil Ørnes, anleggsleiar hjå entreprenør Flage maskin. 

– Det er store fyllingar, høge og bratte skjeringar på opp mot 26 meter og smal veg å komme seg fram på. Vi har til dømes brukt mykje klatregraverar, gravemaskiner som heng i vaier. Men det er ein kjekk jobb, og vi ligg godt an, seier Ørnes.

I tillegg til den 1100 meter lange tunnelen og 600 meter veg ved Holsbru, omfattar prosjektet om lag 600 meter ny veg i tilknyting til tunnelen.

Ljoteli, Ljotelitunnelen, skredsikrings, skredsikringsprosjekt, gjennomslag, sprenging,
Gjennomslag_2.jpg
Feiring på røysa etter gjennomslag og halvveges gjennomført prosjekt i Ljotelitunnelen.


Vegen vidare

Skredsikringsprosjektet er no kome halvveges. Etter ferien byrjar arbeidet att med botnrensing av tunnelen og vatn- og frostsikring.
Så skal vegen i tunnelen byggast, og til slutt skal det elektriske på plass. Skredsikringsprosjektet har ei kostnadsramme på om lag 300 millionar kroner, og Ljotelitunnelen blir etter planen opna hausten 2021.

Ljoteli, Ljotelitunnelen, gjennomslag, Årdal kommune
Ljotelitunnelen i Årdal kommune skal etter planen opnast hausten 2021.