Ny stenging av ferjekaiene i Jondal og Tørvikbygd
No skal nye og større ferjelemmar på plass, og ferjekaiene blir difor stengt frå og med tysdag 2.juni til og med sundag 14. juni.
Grunna koronasituasjonen er framdrifta på prosjektet blitt forskyvd slik at oppstart av andre stengeperiode er utsett til 2. juni.
Startar på ombygginga
Fram til no er blant anna fundamenta for nye ferjekaier støypt, og entreprenør har gjort førebuande arbeid til sjølve hovudarbeidet som no skal gjerast. I denne perioden vil sjølve ombygginga av ferjekaiene skje, og dagens ferjekaier skal demonterast og rivast. Arbeidet skjer på ferjekaiene på same tid i Jondal og Tørvikbygd.
Omkøyring
Tilrådd omkøyring med bil er via ferjesambandet Gjermundshamn – Årsnes. For alternative omkøyringsvegar sjå 175.no.
Alternativ transport
Ombygginga vil få konsekvensar for trafikantar, og Skyss vil setje inn alternativ båttransport og korresponderande bussar for dei reisande.
Sjå meir informasjon på skyss.no.
Det er eit avgrensa tal på parkeringsplassar tilgjengeleg ved ferjekaiene i Jondal og Tørvikbygd.
