Stenger Andersbakken bru første veka i mai

I samband med sluttarbeid på brua, vert fv. 5794 i Heggjabygda stengd i periodar frå 3. - 5. mai.

Det har i vinter vore utført vedlikehaldsarbeid på fv. 5794 Andersbakken bru i Heggjabygda.

No skal brua fuktisolerast og asfalterast, og brua må stengast i samband med dette arbeidet. Arbeidet startar måndag 3. mai med kortvarig gravearbeid og stengingar.

  • tysdag 4. mai: vegen stengd frå kl. 09.00-14.30
  • onsdag 5. mai: vegen stengd kl.10.30-14.30