Kolonnekøyring i Tussviktunnelen i neste veke

Neste veke blir det kolonnekøyring og stengingar på inntil to timar i Tussviktunnelen på fv. 55 mellom Høyanger og Balestrand. Arbeidet startar allereie søndag morgon.

tunnelportal
KOLONNEKØYRING: Neste veke blir det kolonnekøyring og stengingar på inntil to timar i Tussviktunnelen på fv. 55 mellom Høyanger og Balestrand. (Foto: Silje Drevdal)

Stengingane held fram til og med laurdag 4. april. Arbeidet går på dagtid, frå klokka 07:30 til 19:00.

Opprustingsarbeidet i tunnelen byrja i slutten av januar, og no skal ny vass- og frostsikring langs tunnelveggar og kvelv brannsikrast med betong.

For å sikre god framdrift på arbeidet, må vegen stengast i lengre periodar om gongen.

Kolonnetider:

Frå Tussvik:

Frå Sæle:

07:35

07:30

09:35 08.00
10:35 09.30
12:35 10:30
14.35 12.30
15:15 14.30
16.20 15.05
17.45 16.25
19.00 17.50
  19.00

(Gjeld frå 29. mars t.o.m. 4. april)