Ny langstenging i Ljoteli
Frå 9. mars og tre veker framover blir det heilt stengt gjennom Ljoteli på fv. 53 Årdal-Tyin.

– Den nedste forskjeringa på tunnelen skal sprengast ut, og det er ikkje mogleg å ha trafikk gjennom området medan dette arbeidet pågår. Vegen vil vera heilt stengd mellom Øvre Årdal og Holsbru, frå 9. til 30. mars, seier prosjektleiar Jørn Fosen Simonsen i Vestland fylkeskommune.
Det vil vera arbeid alle vekedagar for gjere forskjeringa klar til tunneldrift, og dette er sprengingsarbeid som ikkje er foreinleg med trafikk gjennom anleggsområdet.
– Arbeidet med bygging av nye Ljotelitunnelen går etter planen, vi har til no drive vel 200 meter inn frå øvre påhogg. Vi reknar med gjennomslag i tunnelen innan sommarferien, seier Simonsen.

Omkøyringsveg for dei som skal frå Årdal og austover er om Lærdal, og via Filefjell eller Hemsedal. Det same gjeld for dei som har hytter mellom Holsbru og Tyin.
Publisert 6. mars 2020