Ny elektrokontrakt i Vadheimstunnelen startar over nyttår
Denne veka signerte Vestland fylkeskommune kontrakt med Mesta Prosjekt Elektro på oppgradering av elektro- og tryggleiksutrustinga i Vadheimstunnelen på fv. 55.

Vadheimstunnelen er del av det nasjonale tunneloppgraderingsprosjektet, der tunnelar på over 500 meter skal rustast opp til standardane sette i Tunneltryggleiksforskriftene.
Anleggsentreprise fullført i fjor
Det har allereie vore gjort mykje arbeid i tunnelen i ei tidlegare entreprise. Den grunnleggande infrastrukturen, som røyr, kummar og boltar er allereie på plass.
No skal altså elektro- og tryggleiksutrustinga få seg eit løft. Det skal installerast fleire vifter, nye og betre lysarmatur, nytt teknisk bygg og fleire nødstasjonar.
Arbeidet i tunnelen vil krevje stengingar, men stengetidene er enno ikkje avklara. Krava som er sett i kontrakten er at tunnelen kan stengast inntil 45 minutt frå måndag til fredag i tidsrommet 06:00 til 22:00. Mellom kl 07:00-09:00 og 15:00-16:30 skal det vere kontinuerleg kolonne når det pågår arbeid i tunnelen. Stengingstidspunkta skal tilpassast rutegående trafikk.
Nasjonal avdeling med lokal base
Arbeidet i tunnelen kjem til å starte i løpet av februar.
– Vi har allereie sett i gang bestilling på utstyr med lang leveransetid, og så snart vi har oversikt over leveransane så kjem vi til å gå i gang med arbeidet, seier Joar Ølmheim i Mesta Prosjekt Elektro.
Mesta Prosjekt Elektro er ei landsdekkande avdeling som har hovudkontor på Kaupanger. Dei har lang erfaring frå tidlegare tunneloppgradering, og kjem nyleg frå oppdrag i Matreberg-, Trodal- og Eikefettunnelen på E39.
– Det er få reine elektrokontrakter i marknaden, som regel er elektro del av ei større kontrakt. Det er kjekt å vere hovudentreprenør og ha sitt eige prosjekt, seier Ølmheim.
Elektrooppgraderinga i Vadheimstunnelen skal stå klar i løpet av mai.
Nytt utstyr i Vadheimstunnelen:
|