72 kilometer fylkesveg får nytt dekke

Vestland fylkeskommune skal frese, vegmerke og asfaltere fylkesvegar for til saman 79,3 millionar kronar. Til asfalt vil det gå med omlag 60 millionar kronar. Det betyr at 72 kilometer fylkesveg vil få eit nytt og tryggare dekke.

I fjor blei det asfaltert for om lag 172 millionar kronar i tidlegare Sogn og fjordane og Hordaland fylke.

-I år har vi lite pengar til asfaltering, så samanlikna med i fjor blir det ikkje så mange fylkesvegar som får nytt dekke og asfalt, seier Åsmund Sekse leiar for vedlikehald sør i Vestland fylkeskommune. Det ser ut til at det kjem meir midlar til dekkelegging neste år.

Dekkearbeidet vil starte i midten av mai, og det blir trafikkdirigering på alle plassar der asfaltering skjer.

Her kan du sjå kart over strekningane som får nytt dekke på Vestlandet:

https://vestlandfylke.maps.arcgis.com/apps/webappviewer/index.html?id=a9427dc66cff4dcabe86a7992863ce60

Oversikt - fylkesvegar som får nytt dekke.pdf