Haukanestunnelen skal utbetrast

Haukanestunnelen i Samnanger kommune skal utbetrast. Entreprenør vil no starte arbeidet.

Haukanestunnelen på fv.49 er 634 meter lang og blei opna i 1981. No er tida inne for å skifte ut blant anna sikringsutstyr, radioanlegg, dabnett, naudskap, rømmingslys, taklys og gatelys utanfor tunnelportalane slik at tunnelen framleis skal være trygg å køyre gjennom.

Arbeid på kveld og natt

– Arbeidet i tunnelen vil i hovudsak skje om kvelden og om natta med omsyn til trafikantane. Det vil bli styrt trafikkavvikling med kolonnekøyring.
Om dagen er tunnelen open. I området utanfor tunnelen kan det bli vegarbeid med noko redusert framkomst, seier byggeleiar Vibekke Rørgård.

Arbeidet inne i Haukanestunnelen vil skje mellom klokka 20 og 06 måndag til fredag.

– Det vil bli ledebilkøyring med ventetid inntil 15 minutt.Tunnelen kan bli stengt i periodar opp til én time, og tre timer samanhengande i tidsrommet
kl. 00.00 – 03.00 om natta i særskilte tilfelle, seier Rørgård.

Det er entreprenør BMO Tunnelsikring AS og BMO Entreprenør AS som vil utføre arbeidet med utbetring av Haukanestunnelen. Arbeidet er rekna til å ta om lag eit år.