No bompengesøknad for Bømlopakken sendt

No har Vestland fylkeskommune sendt bompengesøknaden for heile Bømlopakken til kvalitetssikring til Vegdirektoratet.

Prosjektleiar for Bømlopakken Roberto Balzer seier at prosessen vidare er at Vegdirektoratet vil sakshandsame søknaden.

-Vi legg til grunn at sakshandsaminga vil ta om lag ein månad. Etter dette vert saka sendt til Samferdselsdepartementet som har ansvar for å fremje ein proposisjon til Stortinget. Det er Stortinget som skal gjere endeleg vedtak om bompengeprosjekt, seier Balzer.  Han håpar på at det vil skje før jul , men er innstilt på at det først kan bli fram mot våren.

Må fortsetje bygginga
Prosjektleiaren seier at det gjennom 12 år er bygd 46 kilometer med ny fylkesveg.  

-Dette er ein viktig milestolpe for å kunne fortsetje på dette arbeidet. Hovudtransportårene som skal gjennomførast i Bømlopakke II er utruleg viktig for å utnytte effekten av vegstrekningane som er utført i Bømlopakke I. Dersom nyleg vedteke fiskerihamn i Langevåg skal få fordelar av eit nytt hovudvegnett på Bømlo, så må utbygginga fortsetje så fort som det lar seg gjere.

-No når søknaden er sendt er dette første skritt mot eit nytt samanhengande hovudvegnett som vil bli eineståande på Vestlandet. Saman med ny fiskerihamn blir dette starten på eit nytt industrieventyr på Bømlo som vil skape arbeidsplassar samstundes som kommunen har eit trafikksikkert vegnett, seier Balzer.

Her kan du lese meir om prosjekta i Bømlopakken.