Ni fylkesvegar i Bergen blir forkøyrsvegar

-Det kan hende nokon ikkje har fått dette med seg og køyrer på «gamal vane», seier Trond Hollekim som arbeider med trafikktrygging i Vestland fylkeskommune.

Han legg ikkje skjul på at det kan vere ein risiko for at folk som har køyrt den same vegstrekninga i ei rekke år ikkje ser at det er komen opp nye skilt, og tenker at det framleis er høgre-regelen som gjeld.

Følgje med på skilt
-Difor kjem vi no ut med informasjon om dette, men vi forventar likevel at dei som køyrer bil får med seg skilt og trafikkreglar som gjeld på vegane til ein kvar tid. Vegsystemet er ikkje statisk og her kan det skje endringar i både køyremønster og skilting, seiar han.

Betre trafikktryggleik
Tiltaket er ein del av «Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2014-2017».

-Undersøkingar viser at meir bruk av forkøyrsregulering av hovudvegar og samlevegar vil gje meir eintydige vikepliktsforhold, betre trafikktryggleik og betre trafikkavvikling. I dag varierer omfanget av forkøyrsregulering mellom fylka, og det er trong for ein
meir lik praksis, seier Hollekim.

-Føremålet med å forkøyrsregulere fylkesvegane er at det skal bli enklare og meir forståeleg for trafikantane. Om vi legg til rette
for trafikksituasjonar der vikeplikta er tydelegare, så blir det betre trafikkavvikling og auka trafikktrygging, seier Hollekim.

Hollekim seiar at arbeidet vil halde fram i åra framover med målet om at alle fylkesvegane på sikt blir forkøyrsregulert.

Desse fylkesvegane blir forkøyrsveg i Bergen:

  • Fv 573 Hjellestadvegen
  • Fv. 5162 Bontveitvegen 
  • Fv. 5168 Hordnesvegen 
  • Fv. 5172 Grimseid- og Skagevegen
  • Fv. 5182 Fleslandvegen 
  • Fv. 5206 Gravdalsveien
  • Fv. 5292 Unnelandsvegen
  • Fv. 5354 Garnes- og Ådnavegen
  • Fv. 5364 Torgny Segerstedts vei frå Ortuflaten og gjennom Dag Hammarskjølds vei til Fyllingsdalsveien