Stenger Ommedalsstranda på kveld og natt

Ein mur langs fv. 5730 ved Åvatnet er i så dårleg forfatning at den må skiftast ut. Arbeidet krev lange stengingar på kveld og natt, og startar søndag 16. august.

Første stengeperiode er frå klokka åtte på kvelden, med ei opning av vegen frå klokka 23:00 til 24:00. Frå midnatt vert vegen stengd fram til klokka seks neste morgon.

Arbeidet går frå søndag kveld til torsdag morgon dei neste seks vekene. Frå torsdag kl. 06:00 og fram til søndag kl 20:00 er vegen open for fri ferdsel.

Ny mur og ny masse

På ei 170 meter lang strekninga skal muren på nedsida av vegen skiftast ut. Gammal vegmasse skal fjernast, og erstattast med ny masse.

– Vi har ikkje mykje plass å gå på, med Åvatnet på den eine sida av vegen, og fjellsida på andre. Når vi arbeider på natta kan entreprenør jobbe lengre periodar uforstyrra, og anleggstida vert kortare, seier Jørn Inge Grytten, byggjeleiar i Vestland fylkeskommune.

Det er i utgangspunktet sett av seks veker med kveld- og nattestenging, men det vil vere anleggsarbeid på staden fram til midten av desember. Strynefirmaet Kveen AS skal utføre oppdraget for fylkeskommunen.