Nattestengt mellom Hyen og Storebru

Fylkesveg 615 vert stengd mellom Hopsstøylen og Fullskjeggevatnet i to netter i neste veke, natt til onsdag og natt til torsdag.

Vegen vert stengd frå klokka 22:00 til 0600 neste morgon.

Vestland fylkeskommune skal utbetre delar av fylkesvegen mellom Hyen og Storebru, og vegen må stengast i to netter for å skifte ut fleire stikkrenner på strekninga.