Nattestengd veg mellom Flatraket og Kvernevika

Fylkesveg 618 vert stengd på kveld og natt i to veker, frå måndag 13. juni til fredag 24. juni.

Vegen vert stengd mellom kl. 22.00 og 06.00. Dei som skal køyre på dagtid må også rekne med litt ventetid, men ikkje meir enn 5-10 minutt.

Årsaka til stenginga er utskifting av fleire stikkrenner som kryssar vegen på strekninga mellom Flatraket og Kvernevika. Arbeidet er ein del av førebuinga til legging av nytt dekke som skal utførast seinare i år.

Det blir fri ferdsel på laurdag og søndag.

(Kart: Fylkesatlas.no)
(Kart: Fylkesatlas.no)