To netter med stengd veg mellom Feios og Fresvik

Fylkesveg 5602 mellom Feios og Fresvik vert nattestengd på nytt, tysdag 19. mai kl. 2200 til onsdag 20. mai kl. 0600, og frå onsdag kl. 2200 til torsdag 21. mai kl. 0600.

Stenginga er ein del av oppryddings- og reperasjonsarbeidet etter skredet som gjekk i nyttårshelga.

kart
RAS: Fv. 5602 vart skada av raset som gjekk over vegen i nyttårshelga. No har oppryddinga starta.

Publisert 15. mai 2020