Nattestenging av fylkesveg i Svelgen

Fylkesveg 614 gjennom Svelgen vert i neste veke stengd ved Breivika, frå onsdag 15. april klokka 2300 til torsdag morgon klokka 0600.

I samband med bygginga av ny gang- og sykkelveg ved Breivika, vest for Svelgen sentrum, er det behov for å stenge ei heil natt grunna arbeid med kum og grøfter. Dette krev mykje arbeidsrom for maskinene, og då vert det vanskeleg å ha fylkesvegen open for trafikk.

Arbeidet er lagt til natt fordi det då er færrast bilar ute på vegane. Utrykkingskøyretøy skal kunne passere heile natta, slik at liv og helse vert ivareteke.