Nattestenger vegen til Veitastrond

Ei holete og ujamn strekning av fylkesvegen til Veitastrond skal no utbetrast, men for å gjennomføre arbeidet må vegen stengast i åtte timar på natta.

Stengingane startar kl. 22.30 på kvelden, og varer fram til kl. 06.30 neste morgon, frå søndag kveld til fredag morgon. Arbeidet skal vere ferdig innan jul.

– Vegen er smal og det er ikkje omkøyringsmoglegheiter. Vi er difor  avhengig av å stenge vegen mens det pågår arbeid. Både med omsyn til trafikantane og framdrifta er det mest hensiktsmessig med nattarbeid, seier byggeleiar Odd Henning Kristiansen.

Dårlege vegmassar på 600 meter av fylkesvegen ved Straumavatnet skal skiftast ut, og det skal byggast opp ei ny vegbane. 

Vegstenging tysdag 1. november

Tysdag 1. november blir det også stengingar på dagtid grunna fjerning av asfalt.

Stengetider:

  • Kl. 08.05-1200
  • Kl. 1300-1440
  • Kl. 14.45-16.00
  • Kl. 16.30-20.00